annonseRONGEN
vassvori3
Bolstadøyri

Kan innbyggarane i Voss kommune lita på politikarane ?

Til gruppeleiarane for dei politiske partia i Voss Kommunestyre.
Kan innbyggarane i Voss kommune lita på politikarane?

Ved kommunesamanslåinga i 1964 vart deler av Evanger kommune slått saman med Voss Kommune tilliks med Vossestrand. Ikkje alle applauderte denne hendinga, men godtok det som vart hevda om at kommune-Noreg sto framfor store endringar og dermed større einingar i kommunestrukturen

Evanger kommune var på det tidspunkt gjeldfri, hadde bygd ny skule og hadde ein godt fungerande aldersheim med plass til 22 – 24 pensjonærar. BKK var nettopp komne til bygda og hadde starta opp med, til då, ein av dei største utbyggingane av vasskraft i landet. Dette gav grunn til stor optimisme, også her i vestre del av kommunen og store millionsummar har årleg rulla inn til Voss kommune i form av konsesjonsmidlar og skattar i no nærare 50 år. Jau då, ei viss utvikling har det vore også her, men heile tida i minimumsklassen. Det vart bygd aldersbustader (4 husvære) sist på 70-talet og ny aldersheim til 12 pensjonærar  fyrst på 80-talet. Dette gav trass alt ein viss optimisme. Det vart litt seinare oppretta base for heimesjukepleie ved institusjonen. Kjøkkenet ved Evanger aldersheim har levert mat til aldersbustadane og heimebuande pensjonærar.  Trongen for areal vart større og det vart avsett midlar til tilbygg. Planarbeidet var godt i gang, men like før oppstart av byggearbeidet vart midlane overførde til skulebygget på Evanger. Deretter kom lovnad om at pengane skulle tilbakeførast ved salg av Framnes kurstad. Kvar vart det av desse pengane? Slik ein ser det no, var dette berre tomme lovnader. Det kan sjå ut som eit gjennomført politisk vanstyre som har hatt som mål å gjera ei nedlegging og flytting av aldersheimen så ”fornuftig” som mogeleg.

Å gjera utkantane av kommunen endå meir utkantprega, er dårleg strategi av kommunepolitikarane. Dei har vist dette ved å nedprioritera byggefeltet i Åsen på Bolstad. Ei meir offensiv haldning mot sentrale samferdselsmynde ville høgst sannsynleg ført til at byggefeltet i Åsen hadde vore ein realitet i dag og Bolstad skule hadde hatt eit større elevtal. Vestre del av kommunen er eit framifrå utgangspunkt for arbeidspendling til Bergensområdet og er samstundes innan rimeleg reisetid til eige kommunesenter. Kommunepolitikarane burde heller marknadsføra distriktet og vera pådrivarar for å halda på grendaskulane våre, ha kort veg til barnehage og ha ein aldersheim/aldersbustad i rimeleg nært område slik at kontakten med pårørande kan oppretthaldast. Optimismen har vore stor til no.
Mange unge har valgt å busetja seg i bygda, få eller ingen hus står tomme, men får de politikarar viljen dykkar, vert dei gode grunnleggjande verdiane i
bygdesamfunnet borte og kva då? Å gjera distriktet i vest atraktivt både når det gjeld bustader og vegsamband, vil vera inntektsgjevande for kommunen og
ikkje slik politikarar og administrasjon framstiller det; ein klamp om foten. For å sitera leiaren i ”Hordaland”, ser det ut for at den vestre del av kommunen
vil verta særleg hardt ramma i nedskjeringa. Eit paradoks når ein tenkjer på at mjølkekua for velstanden i Voss dei siste 50 åra nettopp står her.

Til slutt to spørsmål til deg som politikar:

Korleis kan ein spara 1.37 mill kr berre ved å flytta Ev. aldersheim
til Hagahaugen når alle tilsette flytter med?

Kvifor denne kolossale pengemangelen no fyrste året etter at generell
eigedomsskatt er innført?

Korleis kommunen har hamna i dette uføret, tykkjer me innbyggjarane i kommunen har krav på å få vita.

 

Evanger / Bolstadøyri

6.mai 2012

Evanger Kvinne- og Familielag v/leiar Guri Teigen.

Bolstadøyri Kvinne- og Familielag v/leiar Anny Forthun

Bolstadøyri Kvinne og familielag

Rasering av utkantane

Innlegg i Hordaland

Ordet fritt

Rasering av utkantane

For Bolstadfolket verkar det som Voss kommune har vorte styrt av blinde og døve i lang tid. Kven skal betala vannstyre? Jau – utkantane
skal raserast og utarmast totalt. Me vil fokusera litt på skulen vår: Bolstad skule skal leggjast ned med ein påstått vinst på 2.5 mill. Har nokon prøvd å rekna på utgiftene det vert med å utdanna våre 24 elevar på Evanger? Dei driftar ikkje utdanning gratis der heller. I tillegg kjem transport. Kva skal ”Skyss” ha for å transportera 24  elevar eksta t/r Evanger kvar dag. Dette skal snart kommunen betala sjølv. Vidare er det no dokumentert i Sverge og Finland at små einingar har større læreeffekt enn store einingar, avdi elevane lettare får hjelp. Dette bør og verta tillagt litt vekt, når me tenkjer på kvifor me sender ungane våre på skule. Skulen er det største samlingspunktet i Bolstadbygda. Kvar månad har skulen elevbedrift der 5.-7. årstrinn lagar middag, som dei serverer på skulen eller bringar heim til dei som ikkje kan møta opp og eta. Storsamling er ein annan månadleg aktivitet der borna i skule og barnehage lagar program og underheld kvarandre og dei frå familien som kan  koma å sjå på. Dette er reine festane for våre eldre i bygda. Jole- og sommarfest har om mogeleg endå større tilslutnad. Fell skulen bort, er det lite att av bygda vår. Tilflytting av familiar med born ser me på som usannsynleg når me ikkje har skule i bygda.

I eit innlegg i kommunestyret vart det sagt at – Bolstad skule legg seg snart ned sjølv. Er dette sant, treng ikkje kommunen styra med dette no. Gjennom avisa har me sett og gjort oss opp meining om kven me ikkje bør stemme på ved neste val.

Jostein og Anny Forthun

Bolstadøyri Kvinne og familielag

Kom til Bolstad du og.

Bolstad ei vakker bygd midt mellom Voss og Bergen. Ei bygd treng folk og folk treng ei bygd. Bygda er full av kjekke gjestfrie menneske.

Ta steget prøv å få deg hus her.

Vassvøre, vassvøre vossaveldets vakt mot vest,

folket hev  sitt bu medlo berg og hamra fest.

Ætto so olst unde høge bratte nuta,

fostra so mange sterke staute guta.

Yve adle lysa Knute Nelsons navn.

 

Bolstadøyri Kvinne og familielag

Tårnagentar

Sundag 29. april er det tid for vårens einaste T-dag i Evanger sokn.
7- og 8- åringane frå Bolstad og Evanger er invitert til å vere tårnagentar, med hemmelege oppdrag i
kyrkja. Me startar med frukost i bedehuset på Evanger, så her er det berre å stå
opp og komme på T-dag.

Bolstadøyri

Bolstadprisen

Snart 17.mai og tid for å finna Bolstadpriskandidat-kandidatar. Har du nokon i tankane send forslag til annyf@online .no

for 17.mai nemda

Bolstadøyri

Årsmøte i Bolstadøyri ungdomslag 6.mars 2012

Ny leiar:
Magnar Helland

Styremdlemer:
Lars Tyssen
Øystein Tesdal
Håvard Rasdal Ny
May Siri Mykkeltvedt Ny

1. Vara: Nils johan Tufte
2. Vara: Harald Aldal
3. Vara: Torstein Gunnarson Ny

Revisor:

Einar Horvei
Andre Olsen Ny

Valnemnd :
Astrid Rongen Ny
Nils Petter Bolstad Ny

Bolstadøyri Kvinne og familielag

Årsmelding i Bolstadøyri kf-lag.

Bolstadøyri kf-lag har hatt årsmøte. Laget hadde 6 lagsmøter og 3 styremøte. Helse og velvære stod i fokus på vårmøte, der alle fekk ei deileg stund med pleie av andlet og hender. Sommarturen gjekk til Modalen. Eit måltid mat på Mobryggja og blomstrar frå Farestveit, gjorde under med oss damene. Om hausten kjem strikkelysta, så difor inviterte me husfliden til strikkecafe. Dei kom med mange fine modellar og garn. I tillegg inviterte me Dale, Evanger og Bulken kf.lag, og det var ein triveleg kveld. Over tre kveldar hadde me arbeidsstove for 9 born.. populært ! Laget har hatt besøk av Liv Farestveit, som lærde oss å laga flotte og gode smørbrød. To damer i laget har fornya  jonsokbunaden i bygda og laga ny kruna. Denne skal no vera i kv. og fam.laget si bevaring. På adventmøte besøkte me Dale kf.lag, og der blei vist mange fine modellar frå Oleanna. Me har og besøkt Evanger kf.lag.

Laget er medlem i Voss husflidslag, Vestlandske avd.av FN, Nabobeino, Voss opplysningsråd og Folkeakademiet. Har også eit fadderbarn frå India.

Styret ser slik ut: Leiar: Anny Forthun. Nestleiar Grethe F. Agerlie. Kasserar: Irene F. Tyssen. Skrivar: Gunnlaug M. Horvei. Styremedlem: Astri Berge. Arb.stove/studieleiar Grethe F.Agerlie

meldar

 

Bolstadøyri

Nytt styre i Bolstadøyri Turnlag

Leiar: Torbjørn Hjørnevik

Nestleiar: Mona Horvik

Kasserar: Jøran Brekkhus

Skrivar: Turid Seim

Styremedlem: Bodil Skjelde Horvei

Vara: Anne Kristine Tufte

Vara: Rita Haugland

 

Turnemda: Magnar Helland, Astrid Rongen, Torstein Gunnarson, Atle K. Bolstad og Bente Fjæreide.

Løypenemda: Dag Bolstad, Jan Inge Horvei, Inge Horvei, Nils Petter Bolstad.

Valnemd: Anders Bolstad og Per Aage Bolstad

Bolstadøyri

Vinnarane av Stølskarusellen 2011

1925 personar gjekk tur i år, litt færre enn i fjor, noko som truleg skuldast det dårlege veret, men bra deltaking likevel.

Krus vart tildelt

Magnar Helland Den einaste som gjekk alle turane !

Sigbjørn Brekkhus og Martin Brekkhus som gjekk 7 av 9 turar

Eitt krus vart trekt for kvar tur:

Gufsakrossen (9) Gurid Bolstad

Dunsen (15) Martin Brekkhus

Vibotn (23) Gunn Inger Gjerme

Bolstadstølen (29) Edward Bolstad

Kringsdalen (71) Roger Lundberg

Gamlestølen (75) Aslaug Skålnes ,Voss

Hatlekinnet (100) Else Bergstad

Norddalen (118) Gislaug Tufte

Geilastølen (118) Sina F Mykkeltveit

I år vart det ikkje trekt premiar på Utsikten som hadde 320 besøk og Leitet som hadde 1052 besøk.

 

Bolstadøyri

Årsmøte i turnlaget og utdeling av premiar til Stølskarusellen.

Turnemnda deler ut 12 premiar til ivrige turgåarar. Møt opp på Årsmøtet i Turnlaget den 16.februar kl. 19.oo på skulen
Turnemnda