Category Archives: Bolstadøyri Turnlag

TURKARUSELLEN 2017

Postane er i år plassert slik:
Taulavatnet, Solsteinane, Tjørnalie, Reidslevegen, (kart)
Ystestølen, Liaberget, Kvitesteinen, Nakka (kart)

Meir info her.

Kopp til alle som har vitja alle postane, samt om du er under 10 år og har vitja minst 4. Det vert og trekt ein premie i kvar boks.

/Turnemnda i Bolstadøyri Turnlag

DUGNAD

Det er på høg tid å gå saman om å rydda strandlinja og området rundt kaien i Bukta på Øyra.
Laga på Bolstad stiller, og me oppfordrar bygdefolket til å bli med ein eller fleire kveldar også. Skal dette bli ein suksess, er me avhengige av at me alle går saman!

OPPSTART kl 18 onsdag 7. juni, med informasjon i Ungdomshuset før me går ut i Bukta. Voss Kommune stiller med containerar, ta gjerne med hanskar, trillebår, rive og liknande.

Elveigarlaget Grendalaget Kvinne og familielaget TurnlagetUngdomslaget

Turkarusell 2016

Postane er i år plassert som skildra under.

Nordsida:  
20160613_175855

Melands-stølen
Køyr til Mæland. Parker før brua. Gå mot Aldalen fram til det byrjar gå nedover. På kartet står det Klype. Ta til høgre, og fyl merka sti (raude merker og refleksmerker på trea) opp til stølen. Delvis gjenngrodd traktorveg og sti, så sjå godt etter merka. Postkasse ved yttersida av det vestre stølshuset.
T/R 1,5 – 2 timer.

Geilane-stølen
Køyr til parkeringsplass i Geilane. Hugs bomveg. Følg stien innover på venstre side av elva til du ser stølen.
T/R 1 time

Dunsen
Alt 1. Parker på toppen av Øvstedalsvegen. Gå mot aust mot Hatlekinn og ned på Dunsen.
T/R 1 time
Alt 2. Gå til Tveita, følg skogsveg inn mot Bjødnatræet og følg merka sti (oransje merker på trea) oppover mot Dunsen.
Trimkassen heng på veggen på det største huset.
T/R ca 1,5 time

Stordalen
Parker inst i Øvstedalen.
Alt 1: Følg skilt mot Stordalen. Når du kjem til Buksegjedlen tek du til venstre og fyl stien ned til Stordalen.
Alt 2: Gå til Øykholmane. Ta til høgre og gå på venstre side langs elva oppover og opp langs Svefossen. Delvis merka sti. Noko gjengrodd.
Boksen heng på det største selet på Stordalen.
T/R ca 4 timar

Sørsida:  20160613_175940

Jonshorgi
Parker ved Rasdalsvatnet. Følg vegen opp til Tufte. Gå igjennom tunet og ned til bekken. Deretter følg bekkedalen mot Hjørnevik. Gå til du passerar dei store steinane i bekkedalen, og kryss ei litt større myr. Ta så til venstre og fylg høgaste terrenget mor nord. Når du kjem opp, ser du Jonshorgi som høgaste topp.Vegen er merkt. Boks under stein i varden.
T/R ca 2,5-3 t.

Gamlestølen:
Parkeringsplass rett forbi Rasdalsvatnet. God T-merka sti forbi Rørbakken. Boks plassert ved store graner.
T/R ca 1,5 time

Tostigen
Køyr mot Rasdalen til du ser skilt merka Tostigen rett før berget. Følg merka sti. Boksen heng på toppen i ei furu. Fin rundtur er å gå over og nedatt i Nedre Rasdal og gå bilvegen nedatt.
T/R ca 1 t

Brislingabotn
Parker på velteplassen oppom Flåten. Fyl traktorveg til Kleiva. (Myr med ei gammal grå hytte i enden) Ikkje gå heilt opp til hytta, men ta på skrå ned til høgre mot elva. Der finn de stien som går vidare innover til Brislingabotn. Postkasse på veggen. Her kan du enten gå tilbake same veg eller gå over bru litt lenger inne og gå heimatt Bolstadmarka.
T/R 3 – 3,5timar

Trimløype-kasser på Leitet/Tveita og Utsikten

Turnemda i Bolstadøyri Turnlag
Oppdagar du feil med boksane kan du ringja/melda Turid på tlf 91736372 eller mail seimseim@hotmail.com.

Kopp til alle som har vitja alle postane, samt om du er under 10 år og har vitja minst 4. Det vert og trekt ein premie i kvar boks.

blide