Det er på høg tid å gå saman om å rydda strandlinja og området rundt kaien i Bukta på Øyra.
Laga på Bolstad stiller, og me oppfordrar bygdefolket til å bli med ein eller fleire kveldar også. Skal dette bli ein suksess, er me avhengige av at me alle går saman!
OPPSTART kl 18 onsdag 7. juni, med informasjon i Ungdomshuset før me går ut i Bukta. Voss Kommune stiller med containerar, ta gjerne med hanskar, trillebår, rive og liknande.
Elveigarlaget – Grendalaget – Kvinne og familielaget – Turnlaget – Ungdomslaget