Grendalaget sitt føremål er å arbeida for å utvikla det sosiale, kulturelle og næringsmessige grunnlaget for innbyggjarane i bygda, og å vera eit talerøyr i saker som råkar eller direkte grip inn i bygdefolket sine interesser. Foreininga skal gjennom å støtta lokale initiativ og sjølv ta initiativ, arbeida for å utvikla eit godt og aktivt bumiljø i grenda. Laget skal vera ein koordinator mellom laga i bygda og deira aktivitetar.
Alle innbyggjarar i Bolstad valkrins er i utgangspunktet medlemer – inntil årsmøtet eventuelt fastset ein medlemskontingent. Alle over 16 år har stemmerett.
STYRET ETTER ÅRSMØTE 2017
Einar Horvei, leiar
Trine Mykkeltvedt, kasserar
Steinar Nesheim, skrivar
Hejdi Øksnes Moen, styremedlem
Sara Davidsson, styremedlem
Nils Petter Bolstad, styremedlem