Bolstadøyri Kvinne og Familielag

Bolstadøyri kvinne-og familielag vart oppretta 16.11.1934.

Guri Bonsaksen, formann i Hordaland krins, reiste rundt i bygdene og fekk til husmorlag. Aslaug Eide Bolstad var den første leiar i husmorlaget som det heitte då, ho var leiar fram til krigen byrja. Etter krigen var Gunnhild Bolstad leiar. Dei bytte på det ei tid. Brita Bolstad har vore leiar i mange år. Gunnlaug Tøn Horvei, Gunnlaug  Moss Horvei.

I byrjinga held laget møta sine i veslesalen i Bedehuset. Husmorlaget hadde tanke for å få til badstove i bygdene. Fekk til på Kyte. Men så la folk inn bad i husa sine sjølve og det fall vekk. Laget hadde skaffa inn offentleg og private midlar, nokon av midlane måtte leverast tilbake. Pengar vart brukt til kjøp av stolar til ungdomshuset og det vart lagt pengar inn i brurestolane som er i bedehuset. Det var kurs den tid som no,  kurs i koking og baking. I studiearbeid og det vart arbeida for å få husmorvikarar. Det vart og arbeida for kyrkjegarden i bygda.

Lagsmedlemene  betalar ein årleg medlemskontingent til Noregs kvinne og familieforbund. Intekter til laget er loddsalet på møta våre. På kvart møte har me kaffi og bevertning

Styret per 2018

LEIAR Anny Forthun
Studie- og arbeidstova Anny Forthun
SKRIVAR Gunnlaug Moss Horvei
KASSERAR Iren F. Tyssen
STYREMEDLEM Ragnhild Bolstad
 STYREMEDLEM  Grethe F. Agerlie

 

Årsmeldig 2017 finn du her.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *